Skip to content
Plakat

Anders Totland

Forfatterbesøk

Sted:

Alvdal bibliotek

Kategori:

Foredrag

Tidspunkt:

onsdag 22. mars
19:00 - 21:00

Etter å ha gjeve ut ørten bøker dei siste åra, klatra forfattar Anders Totland rett inn i bestseljarlista då han i haust gav ut romanen "Til jord skal du bli". Den burleske historia om den pensjonerte presten Jacob Juul, som røktar bier, brenn sin eigen sprit og i løpet av nokre få dagar blir både mordar, enkemann og bestefar, har fenga folk over heile landet, og no kjem han til Alvdal!

Forlaget har kalla det tragikomisk noir, biblioteksentralen sorterer boka som komedie - og sjølv kallar forfattaren det ein tøysethriller, eller ein rølpete roman frå bygda. Ifølgje meldarane er boka full av både spenning, hjartevarme og morosame innfall.

Dørene åpner for kaffe/kringle kl. 18:30.

Adresse

Alvdal bibliotek

Gjelen 3

2560 Alvdal

Åpne i Google Maps

Del med venner